4 fekk 6, 6 fekk 4 med nettbasert pensum

"Elevar som før hadde slite med engelsk og vore tause i klassa, begynte plutseleg å arbeide med stoffet på ein heilt annan måte og satt heime og jobba på eige hand," skriv tidligare lærar og inspektør John Valør ved Gloppen ungdomsskule.

La vekk boka

Det siste skuleÃ¥ret for 10A la eg i stor grad vekk boka og konsentrerte arbeidet meir og meir mot A Passport to English der elevane fekk velge fritt mellom oppgÃ¥ver i tillegg til dei som eg meinte var “obligatorisk”.

Vi starta året med å jobbe med det digitale læremidlet EuroPlus+ med vekt på uttaletrening, grammatikk, ordforråd og intonasjon.

Frå nyttår gjekk vi så over til å bruke A Passport to English, litt på grunn av at elevane ikkje fekk noko særleg IT-trening i dei andre faga, men hovudsakleg fordi det etter kvart viste seg at elevar som før hadde slite med engelsk og vore tause i klassa, plutseleg begynte å arbeide med stoffet på eiga hand slik at resultate som kom opp for kvar gong viste ein forbløffande stigning.

Nettbasert pensum

Til munnleg eksamen la vi derfor opp mesteparten av stoffet frå A Passport to English og nokre tekstar frå boka. Vi brukte 48 timars førebuingstid og eg ga sensor aksess til A Passport to English slik at ho kunne gå inn og sjå på dei ulike tekstane på førehand.

Sprudla på eksamensdagen

På eksamensdagen stilte elevane opp med eit variert spekter av framføringar, bruk av overhead, PowerPoint, musikkinnslag, matrettar samt andre element som hadde tilknytning til oppgåva dei hadde trekt. Elevane sprudla og det var i mange høve berre å gje seg over av kreativiteten dei viste og evnen til å kommunisere.

I utgangspunktet hadde ein rekna med at karakterane til elevgruppa skulle ha variert frå 6 til 2, så det var ein svært fornøgd eksaminator og kommande pensjonist som reiste heim att. Resultata vart at av gruppa på 10 elevar fekk 4 elevar 6 og 6 fekk fire.